Høgre sviktar E134

Nicolay Østhus

Det er skandaløs forvaltning av samfunnets midler når stortingsgruppen i Høyre vil ha Rv7 som hovedvei mellom Bergen og Østlandet. Høyres løsning har en samfunnsmessig nytteverdi på minus 12 milliarder kroner. En oppgradert E134 med arm mot Bergen har en nytteverdi på pluss 26 milliarder, og gir dessuten den korteste og sikreste forbindelsen. Men hvorfor gjennomføre utredninger av øst-vestforbindelsene når Høyre uansett ikke har til hensikt å gjøre bruk av kunnskapen de gir, spør Nikolai Østhus, som mener dette er å holde Statens vegvesen for narr. Østhus er nestleder i Vegforum Øst-Vest. Foto: Knut Heggenes, Varden

Samferdselsministeren la fredag 18.12.2015 fram Regjeringa sine konklusjonar på utgreiingane frå Statens Vegvesen (SVV) om aust-vestsambanda. Regjeringa gjer framlegg om at E134 over Haukeli blir valgt som hovudsamband for så vidt gjeld tilknytninga mellom Austlandet og søndre del av Vestlandet, men føreset at det vert gjennomført ytterlegare vurderingar for RV 7 (Hardangervidda) og RV 52 (Hemsedal) med tanke på etablering av eit framtidig hovudsamband mellom Oslo og Bergen.

Eit aust-vest-samband over Haukeli (E134) med arm til Bergen vil innebære at Vestlandet sør for Sognefjorden vert knytta opp mot Oslofjordområdet ved ein miljøvenleg, rask og vintersikker veg. I dag soknar over 160 000 verksemder og ca. 3 millionar menneske til E134 over Haukeli. Ifølge Statistisk Sentralbyrå sine prognosar vil dette talet auke til ca. 4 millioner i 2030. Vegen, som Norges Lastebileierforbund har kalla Draumevegen, vil gje ei kjøyretid mellom Bergen og Oslo på 3,5 timer. I disse planane er armen mot Bergen (Hordalandsdiagonalen) ein sentral føresetnad.

Ifølge SVV sine konklusjonar vil desse planane (E134 over Haukeli, via Rauland) gje ei samfunns- økonomisk lønsemd på 12 mrd. kr. Dersom ein i tillegg etablerer armen til Bergen via Odda, vil den samfunnsøkonomiske lønsemda auke frå 12 til 26 mrd. kr. I Noreg er det ikkje mogleg å finne samferdselsprosjekt med lønsemd i denne storleiksorden. Til samanlikning vil til dømes aust- vestsamband over Hardangervidda (RV 7) og Hemsedal (RV 52), ifølge SVV sine overslag, gje ei samfunnsøkonomisk lønsemd på høvesvis minus 12 og minus 14 mrd. kr.

Gjennom Regjeringa sine vedtak om prosessane vidare, som er dreve fram av Høgre, er armen mot Bergen, teken bort. Regjeringa har dermed lagt føringar for at eit historisk optimalt prosjekt i norsk samferdselshistorie, vert skusla bort. Når analysene frå SVV syner skilnader i samfunnsøkonomisk lønsemd mellom E134 og RV7/RV 52 på høvesvis 38 og 40 mrd. kr, samstundes som Høgre i Regjeringa har pressa gjennom at ein skal gå vidare med dei minst lønsame prosjekta (RV7/RV 52), er dette å undergrave intensjonane med aust-vest-utgreiingane.

Medan Høgre tidligare har hevda at utbyggingsrekkefølgja i samferdselssektoren bør skje på grunnlag av samfunnsøkonomisk lønsemd, viser denne saka at overordna nasjonale interesser og viktige prinsipp er ofra til fordel for lokale særinteresser. Som SVV sine analyser viser, har slike politiske prioriteringer uhyggeleg høge samfunnsmessige kostnader.

Kan Høgre forsvare ei slik forvaltning av samfunnet sine midlar?

Notodden, 8. januar 2015
Vegforum Øst-Vest
Svein Sem
Nikolai Østhus
Halvor Grene

Ingen kommentarer enda.

Legg igjen en kommentar