E134 – Høgre held Samferdselsdepartementet sitt eige fagdirektorat for narr

ernasolberg1_portrett-e1432882977171

Når nå Høgre i regjeringa har pressa fram vedtak om å gå vidare med RV7/RV 52, og samstundes ta bort Hordalandsdiagonalen i E134-alternativet, er dette å snu alt på hovudet i høve til SVV sine framlegg. Gjennom Høgre si agering i saka, til dømes gjennom preferansen av RV7, er Høgre med på å undergrave intensjonane med aust-vest-utgreiingane og halde Samferdselsdepartementet sitt eige fagdirektorat for narr. Foto: Thomas Haugersveen/Statsministerens kontor

Leserinnlegg:
Stortingsrepresentantane Solveig Sundbø Abrahamsen og Torill Eidsheim frå Høgre hevdar i lesarinnlegg i fleire aviser i førre veke, at regjeringa sitt vedtak om å vente med å utgreie armen til Bergen (Hordalandsdiagonalen), handlar om ressursbruk. Vegforum Øst-Vest er usamd i denne påstanden. Etter vår oppfatning handlar vedtaket derimot om graverande ressursmisbruk.

Samferdselsministeren engasjerte i 2014 departementet sitt eige fagdirektorat (Statens vegvesen (SVV)) v/ Vegdirektoratet) til å utgreie dei viktigaste aust-vestsambanda for å få eit grunnlag for prioriteringa mellom desse. SVV gjorde eit særs grundig arbeid og resultata frå utgreiingane vart framlagt i januar 2015.

SVV sine analyser viste at E134 over Rauland, som kortar inn vegen med 31 km, ville gje ei samfunnsøkonomisk lønnsemd på 12 mrd. kr. Med Hordalandsdiagonalen ville lønnsemda auke med ytterlegare 14 mrd. kr til 26 mrd. kr. Til samanlikning ville aust-vestsamband over Hardangervidda (RV 7) og Hemsedal (RV 52) gje ei lønnsemd på høvesvis minus 12 og minus 14 mrd. kr. Med ein skilnad i lønnsemd mellom E134 og RV7/RV 52 på høvesvis 38 og 40 mrd. kr framstod E134 i ein eigen klasse. Ingen samferdselsprosjekt i Noreg kan syne til lønnsemd i nærleiken av dette.

SVV sine analyser synte at omlegging av traséen for E134 gjennom Vest-Telemark (frå Seljord til Rauland) samt etablering av Hordalandsdiagonalen var dei to sentrale føresetnadene for å realisere E134 sitt potensial som aust-vestsamband.

Når nå Høgre i regjeringa har pressa fram vedtak om å gå vidare med RV7/RV 52, og samstundes ta bort Hordalandsdiagonalen i E134-alternativet, er dette å snu alt på hovudet i høve til SVV sine framlegg. Gjennom Høgre si agering i saka, til dømes gjennom preferansen av RV7, er Høgre med på å undergrave intensjonane med aust-vest-utgreiingane og halde Samferdselsdepartementet sitt eige fagdirektorat for narr.

Når også stortingsrepresentant Solveig Sundbø Abrahamsen har signalisert kamp for Seljords-alternativet, bidrar dette til ei ytterlegare undergraving av E134 sine føremoner som aust-vestsamband. Høgre synes både i spørsmålet om Hordalandsdiagonalen og om traséframføring for E134 gjennom Telemark å gje etter for lokale særinteresser på bekostning av overordna nasjonale interesser.

Med Regjeringa si oppfølging av aust-vestutgreiingane er det lagt føringar for ein meirressursbruk på rundt 40 mrd. kr samanlikna med E134 inkl. Hordalandsdiagonalen. Ein slik meirressursbruk må etter Vegforum Øst-Vest si oppfatning karakteriserast som eit graverande misbruk av samfunnet sine ressurser.

Den kortsiktige verknaden av Regjeringa sitt vedtak om å ta bort Hordalandsdiagonalen, er at prosjektet ikkje vert vurdert ved Stortinget si handsaming av Nasjonal transportplan for 2018-2029. Dette inneber ei utsetting på minimum 4 år. Som SVV sine analyser syner, er Hordalandsdiagonalen svært lønnsam. Vegforum Øst-Vest meiner at vi har inga tid å miste for å få ei rask realisering av det mest lønnsame samferdselsprosjektet i Noreg. Vi har ikkje tid, slik Høgre og stortingsrepresentantane Solveig Sundbø Abrahamsen og Torill Eidsheim, å vente på at vegspørsmålet finn si løysing i eit 2050-perspektiv.

For Vegforum Øst-Vest

Svein Sem
Nicolai Østhus
Halvor Grene
Asbjørn Gardsjord

Ingen kommentarer enda.

Legg igjen en kommentar