Ap-samling om indre line

Ap-samling om indre line

I Sogn og Fjordane rasar det ein bitter strid om kvar den nye E39 skal gå. I hovudsak handlar det om vegen skal følgje ei indre line gjennom Stryn, eller om E39 skal krysse Nordfjorden om lag på ferjestrekninga Anda–Lote. No har Sogn og Fjordane Arbeidarparti og Møre og Romsdal Arbeidarparti samla seg om indre line, og får ros frå fylkesordførar Jon Aasen.

NRK Møre og Romsdal 18.03.13