Samferdselsministeren møter næringsliv og interesseorganisasjonar – vil ha innspel til ny NTP

5. november møter samferdselsminister Jon Georg Dale næringsliv og interesseorganisasjonar. Hovudformålet er å få innspel om korleis neste NTP kan bidra til å nå viktige mål i samferdselspolitikken – mellom anna knytt til auka verdiskaping, det grøne skiftet og transporttryggleik.