Kortere, flatere og raskere – E134

Foto: Kjell Wold, Statens Vegvesen og Håkon Rusten, Telen

Foto: Kjell Wold, Statens Vegvesen og Håkon Rusten, Telen

E134 aust-vest kan bli under 380 km lang, vintersikker og ha lågaste høgfjellsstrekning. Ruta dekkjer heile to tredelar av innbyggjarane i landet og viktige næringsområder.

Derfor vil denne vegen ha stor trafikal og samfunnsnyttig effekt. Det gjer han mest lønsam å byggje ut. I dag lir ruta under manglande heilskaps-tenking. Armane til Haugesund, Bergen, Grenland og Vassum/Ski må sjåas i samanheng. Gjer me riktige grep nå, vil E134 aust-vest ikkje berre spare samfunnet for store kostnader, men òg legge til rette for å halde oppe busetting og skape ny næring.

Funksjon

Fordi E134 over Haukeli knyter saman så mange av dei største byane og regionane, kan vegen få funksjon som ein av dei viktigaste hovudvegane i landet for folk og gods. Men per i dag er store delar av ruta prega av stubb-til-stubb-tenking. Derfor må me i det framtidige systemet tenkje heilskapleg når det gjeld planlegging og dimensjonering av alle delparsellar. Finansdepartementet må tillate at armen til Bergen blir teken med i dimensjoneringsgrunnlaget, elles må Samferdselsdepartementet bestille ein KVU nå slik at det kjem med. Dette er heilt sentralt for å unngå at planlegginga blir gjort med kunstig låge trafikktal. Me må unngå gjentekne og kostbare omleggingar av relativt nye, men underdimensjonerte trasear med for dårleg romkurve, altså svingete veg. Underdimensjonering fører over tid med seg vesentlege større naturinngrep og kostnader enn om me planlegg heilskapleg nå.

 

Kart: Knut Olaf Sunde.
Åpne kart som pdf

Me skuldar naturen og dei som kjem etter oss å planlegge med omsyn. Som eit verktøy for å få det til, har organisasjonen Bedre veier foreslått for Vegdirektoratet ein ny planleggingsmetodikk i vegnormalen. Forslaget går ut på å la vegen sin funksjon vere grunnlag for romkurve, og forventa trafikkmengde vere grunnlag for vegbreidde. Notodden lanbruksforum støttar dette. Mangel på langsiktig planlegging skaper større naturinngrep over tid. 

Me må også rekne på effekten av raskare vegar på hovudvegnett som bind landet saman over store avstandar. Med arm til Bergen har Vegvesenet i KVU Gvammen-Vågsli rekna ut ÅDT (årsdøgertrafikk) på 13.500 ved Gvammen og 9-10.000 mellom Vågsli og Øyfjell. Spart kjøretid mellom Vågsli og Saggrenda er rekna til 1 t og 15 min. Det svarar til 11 mil spart kjørestrekning, basert på tofelts veg med 90 km/t og nesten 5 timars kjøretid Oslo-Bergen. Traseen bør planleggas for enda noko høgare fart slik at kjøretida blir redusert til 3,5 timar.

Klima og transport

Overgangen til ikkje-fossilt drivstoff er i full gang. Med morgondagens kjøretøy er både buss og bil konkurransedyktig med jernbane på energibruk per passasjerkilometer, og like grøne. Og veg dekkjer betre og er meir fleksibelt enn jernbane.

Vegvesenet ville planlegge Saggrenda-Vågsli som ein samanhengande kommunedelplan. Det gjekk ikkje igjennom, og vegvesenet er nå i gang med Saggrenda-Elgsjø. Men det er viktig at dimensjoneringa må byggje inn innkortinga Gvammen-Vågsli i nordleg trasé og med arm til Bergen. Funksjonen som viktigaste hovudveg mellom dei to største byane våre, krev at Saggrenda/Vågsli blir planlagt samla for å finne dei beste løysingane og prøve ut den nye planmetodikken.

Her er viktig å finne ein god, permanent trasé som tar omsyn til miljøet. For Notodden landbruksforum har det vore viktig å spare matjord og hus. Nesten ingen hus og nesten ikkje matjord kjem i konflikt med den foreslåtte traseen. Også myrar er det viktig å spare i eit klimaperspektiv. Hovudgrepet er å legge traséen nord for Notodden, på høg bru over Tinnåa og over Heddalsåsen. Notodden kommune har vedteke dette og det er også stadfesta av samferdselsminister Arnstad. Vidare gjer me framlegg om trasé gjennom Køyvingen, i nordkant av Ålamoen, under Øvstebø og over på sørsida av Hjartdøla vest for Sauland. Over Svelgfossjuvet kan ein tenkje seg ei høgbru i framtidsretta materialar. Dette for å oppnå så flat veg som mogleg og for å gå godt klar av den freda Tinnosbanen.

Lange tunnelar er kostbart. Hovudprinsippet bør vere relativt korte bruer og tunnelar som ikkje hindrar skogsdrift, turgåarar og vilt. Vi trur eitt kryss er nok for Notodden, aust for Svelgfoss med veg sørover mot eksisterande veg. Den kan gå vidare i retning Hjuksebø og Grenland. Samtidig kan ny lokalveg byggas fram til Lisleheradvegen og ny lokal bru over elva til Svelgfossvegen med tunnel enten mot sentrum vest eller mot Tuven. 

Lønsam investering

E134 aust-vest angår oss alle. Noreg må investere i lønsam infrastruktur. Same kva for gamle og nye næringar me skal leve av framover, treng me kostnadseffektiv klima- og miljøvennleg transport. Arm til Bergen blei i 2015 kalkulert til å gje netto nytte på 14 mrd, og innkortinga Gvammen-Vågsli 12 mrd. kr. Oslofjordbru gjev 14 mrd. i netto nytte, som er heile 18 mrd. meir lønsamt enn ny tunnel. I følgje Asplan Viak kan ei samla utbygging med armar til Bergen og Haugesund gje over 60 mrd. i netto nytte. Da er det ikkje rekna på arm til Grenland. Dette er i særklasse eit nyttig og lønsamt samferdselsprosjekt. Målet må vere å forvalte våre felles ressursar effektivt og med størst mogleg nytte. Ved å realisere E134 aust-vest vil samfunnet spare enormt. God planlegging kan ikkje begynne for tidleg.

Svein Sem, Notodden Landbruksforum

1 thought on “Kortere, flatere og raskere – E134”

  1. Godtfred A. Ersland

    Jeg leser deres / OBV`s prosjekt forslag Elgsjø-Gvammen helt utenom Notodden, Tuven, Heddal, Ørvella, og Sauland med stor entusiasme og interesse. Flott fremstilling som gir god oversikt.
    Flott fremstilling av øst vest forbindelsen 134 sin betydning for regionene Bergen, Haugalandet og Jæren dersom riktige trasevalg gjøres med et nasjonalt transportøkonomisk perspektiv.
    Kan dere si meg hvilket trase konsept som i dag synes å ha prioritet lokalt / nasjonalt og politisk?
    Hvilket tidsperspektiv, prioritet i NTP har man i dag på utbyggingen Ørvella – Elgsjø – Gvammen 2030 ? 2040?
    Mvh Godtfred A. Ersland

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

No kjem ferjekutta – nesten alle samband i Møre og Romsdal vert råka
Kutta kan berre vere byrjinga, ifølgje politikarane. Senterpartipolitikar fryktar avfolking og rasering av kysten.
01.03.23 nrk.no
Distriktene og de med dårlig råd er taperne langs veien: – Mer enn hver fjerde bilist har måttet kutte ut fritidsaktiviteter på grunn av økte drivstoffpriser
– Kostnadene til nødvendig bruk av bilen og veien prises så høyt at mange ikke har råd til å bruke veiene, og nye, mer effektive og trafikksikre veier blir så dyre at mange må kjøre mer trafikkfarlige omveier, skriver Geir A. Mo.
28.02.23 ringblad.no
Hvorfor krever vi inn så mye bompenger?
Mens momsen bakes inn og gjemmer seg i prisen på alt vi kjøper, er bom¬penge¬skiltene godt synlige.
28.02.23 aftenbladet.no
Lastebileierne fortviler: – Du kan ikke sykle rundt med 1000 kilo melk
Mener det er urealistisk med et bensin- og dieselforbud om to år.
27.02.23 nettavisen.no
Asfalterte veier kan bli erstattet av grusveier i Trondheim
Opp mot 170 kilometer av veiene i Trondheim kan bli gjort om fra asfalt til grusveier. Årsaken er pengemangel.
24.02.23 nettavisen.no
For mange partier har glemt bilistene…
Av Hilberg Ove Johansen
24.02.23 folkebladet.no
Scroll to Top