Fleirtalet i transportkomiteen går for 30 prosent reduksjon av ferjetakstane
Transportkomiteen på Stortinget gav tysdag innstillinga si til statsbudsjettet for 2022. Der blir det slått fast at ferjeprisane skal reduserast med 30 prosent frå nyåret samanlikna med 1. januar i år.