Eit desentralisert Statens vegvesen for framtida

- Statens vegvesen gjennomgår store endringar for å tilpasse seg framtidas arbeidsoppgåver. Dagens regioninndeling vert bytta ut med divisjonar med ansvar for ulike fagfelt. No har vi avgjort kvar hovudkontora for dei nye fagdivisjonane skal ligge. Vi følger Statens vegvesens eige forslag om lokalisering i Arendal, Bergen, Tromsø, Trondheim, Drammen og Moss. Med dette gjennomfører vi ei av dei største utflyttingane av statlege arbeidsplassar frå Oslo på mange år, og sørger med det for at Statens vegvesen er til stades i heile landet, seier samferdselsminister Jon Georg Dale.