Positive signal frå Samferdselsdepartementet

Vegforum Øst–Vest er nøgd med at regjeringa vil arbeide med eit heilskapleg framlegg til ambisjonsnivå og prioriteringsrekkefølgje for vidare oppgraderingar på E134. Foto Statens vegvesen/Tor Arvid A. Gundersen

Samferdselsdepartementet legg i brev til Vegdirektoratet til grunn at den framtidige traseen for E134 gjennom Vest-Telemark (Gvammen–Vågsli) vert lagt i ein ny innkorta korridor nord for dagens E134 (over Rauland). Av brevet går det dessutan fram at regjeringa vil arbeide med eit heilskapleg framlegg til ambisjonsnivå og prioriteringsrekkefølgje for vidare oppgraderingar på E134. Vegforum Øst-Vest er svært nøgd med desse føringane frå departementet, men minner samstundes om at den andre berebjelken i Haukeli-alternativet er armen frå E134 mot Bergen. 

Av Svein Sem, Kjell Solheim, Halvor Grene,
Asbjørn Gardsjord, Arne Skogheim, Asbjørn Espeset,
Nicolai Østhus, Vegforum Øst–Vest

Samferdselsdepartementet viser i brev til Vegdirektoratet av 16. februar 2018 til tidlegare vedtak om å prioritera E134 som eit av hovudsambanda mellom Austlandet og Vestlandet. Departementet legg i brevet til grunn at den framtidige traséen for E134 gjennom Vest-Telemark (Gvammen-Vågsli) vert lagt i ein ny innkorta korridor nord for dagens E134 (over Rauland) i tråd med framlegga frå Statens vegvesen i aust-vestutgreiingane.

Departementet lovar at midler til utvikling av strekninga E134 Gvammen-Vågsli vil bli vurdert ved neste NTP. Av brevet går det dessutan fram at regjeringa vil arbeide med eit heilskapleg framlegg til ambisjonsnivå og prioriteringsrekkefølgje for vidare oppgraderingar på E134. Statens vegvesen blir bedne om å utarbeide grunnlag for eit slikt framlegg.

Vegforum Øst-Vest er svært nøgd med føringane frå departementet i nemnde brev. Ved aust-vest-utgreiingane vart denne omlegginga berekna å gje ei auka samfunnsøkonomisk lønnsemd på 13 mrd. kr i høve til noverande trasé gjennom Seljord.

Denne store lønnsemda er seinare dokumentert gjennom KVU-rapporten Gvammen–Vågsli, samt gjennom den eksterne kvalitetssikringa (KS1). Dette til trass, valde regjeringa å utsette alle oppgraderingsprosjekt på E134 frå aust–vestutgreiingane.

Vegforum Øst-Vest har i fleire fråsegner, seinast i brev til Vegdirektoratet av 13. mars 2018, understreka at den andre berebjelken i Haukeli-alternativet er armen mot Bergen. Statens vegvesen har i aust-vestutgreiingane berekna at Bergensarmen vil gje ein ytterlegare auke i den samfunnsøkonomiske lønnsemda på 14 mrd. kr (til totalt 26 mrd. kr). Vegforum Øst-Vest vil difor gjenta tidlegare standpunkt om at det snarast råd må setjast i gong arbeid med ein KVU-rapport for Bergensarmen.

Vegforum Øst-Vest er elles svært nøgd med føringane frå departementet om å få fortgang i arbeidet med eit heilskapleg framlegg til oppgradering av E134.

Vegforum Øst-Vest vil vise til konklusjonane frå Statens vegvesen sine utgreiingar av aust-vestsambanda. Desse synte at E134 stod fram som det sambandet med desidert høgst samfunnsøkonomisk lønnsemd.

I Noreg finst vel knapt noko samferdselsprosjekt med lønnsemd i nærleiken av dette. Den bakanforliggjande årsaka er naturleg nok å finne i det faktum at E134 med avgrensingar i vest (Bergen og Stavanger) og aust (Grenland, Vestfold og vidare over Oslofjorden mot Sverige og kontinentet), vil knyte saman Vestlandet sør for Sognefjorden med Oslofjord-området.

Folkemengda i desse områda er rundt 1 million på Vestlandet og rundt 2 millionar i Oslofjord-området, dvs. til saman 3 millionar. Ifølgje SSB sine prognosar vil folkemengda i dette området auke frå 3 til 4 millionar i 2030.

I Nasjonal transportplan 2018–2029 (Meld. St. 33 (2016 – 2017)) er understreka at samfunnsøkonomisk lønnsemd er eit av dei sentrale kriteria for framlegga til investeringsportefølje. Vektlegging av samfunnsøkonomisk lønnsemd går elles att som ein raud tråd gjennom heile transportplanen. Det er difor viktig at regjeringa i praksis følgjer opp dette prioriterings-kriteriet.

Vegforum Øst-Vest meiner at det generelt er ynskjeleg med rask progresjon i ei rad prosjekt på E134 og vil særskilt peike på følgjande:

  • E134 – Kongsberg–Gvammen, jf. KVU-rapporten Kongsberg-Gvammen.
  • E134 – Gvammen-Vågsli, jf. KVU-rapporten Gvammen-Vågsli
  • E134 – Nye Haukelitunnelar
  • E134–Bakka- Solheim (godkjende kommunedelplanar i Etne og Vindafjord kommunar)
Innlegget er også publisert i Haugesunds Avis og på Vegforum Øst–Vests nettsider

Leave a Comment

Your email address will not be published. Required fields are marked *

Vegvesenet planlegger 200 nye prosjekt i hele landet – kun 18 km ny møtefri vei
Statens vegvesens har 200 veiprosjekter og utbedringer under bygging og planlegger oppstart av inntil 200 prosjekter mellom 2025 og 2030. Dette vises i Staten vegvesens gjennomføringsplan for årene 2025–2030 som ble publisert onsdag.
15.04.25 trafikksikkerhetsforeningen.no
Avlyser konkurranse for rekordavtale
Konkurransen om rammeavtale for rådgjevings- og prosjekteringstenester til fellesprosjektet Arna-Stanghelle blir avlyst. Årsaka er at konkurransegrunnlaget viser seg å vere uklart. Dette er det naudsynt å rette opp i for å sikre ein effektiv konkurranse.
15.04.25 nrk.no
Ring 1: Store utfordringer
– Stengingen av Ring 1 har gitt store utfordringer for trafikkavviklingen vest for Oslo. Sammen med Statens vegvesen har vi lenge jobbet med å finne tiltak som kan bedre den trafikale situasjonen. Statens vegvesen foreslår nå å etablere tungtrafikkfelt på E18 mellom Asker og Holmen.
NLF har fått gjennomslag: Vegvesenet foreslår tungtrafikkfelt på E18
Etter et omfattende påvirkningsarbeid har Norges Lastebileier-Forbund (NLF) fått gjennomslag for et forslag om å etablere et tungtrafikkfelt på E18 mellom Asker og Holmen. Statens vegvesen har også lagt frem et forslag om å teste samkjøring for elbiler på strekningen fra Holmen til Sandvika. Begge tiltakene skal bidra til å avhjelpe trafikkproblemene etter stengingen av Ring 1.
Denne brua frå 1936 er framleis europaveg mellom aust og vest
Politikarar i fleire kommunar har fått nok. Dei vil innføra bompengar for å få oppgradert europavegen til Oslo, som framleis går over ei nesten 90 år gammal bru.
14.04.25 nrk.no
Parkering: 1 million bøter i Norge i fjor
I fjor ble det skrevet ut hele én million parkeringsbøter i Norge. 41 prosent av de som klager, får medhold.
11.04.25 motor.no
Scroll to Top